"Leahkit" av Frikar i Hamsunsenteret

i samarbeid med Det Samiske Nasjonalteatret Beaivváš 11.09.2015 kl. 19.00.

"Leahkit" er nordsamisk for ‘å vera til stades’, ein fysisk, mental og spirituell tilstand som har havna på gourmetdisken i ei tid der ‘multi-tasking’ blir forventa dagleg. 
Hallgrim Hansegård og Torgeir Vassvik har dykka ned i sine respektive tradisjonar for transe, i dans og musikk, tradisjonar som er stilna av fornorsking og kristning gjennom tidene. 
‘Leahkit’ er eit sjeldent møte mellom norsk folkedans og samisk joik. Verket utforskar ei reise gjennom ulike måtar å vera til stades på.

KOREOGRAFI/ DANS: Hallgrim Hansegård
MUSIKK/JOIK: Torgeir Vassvik
LYSDESIGN: Horst Muhlberger
LYD: Herman Kvelperud

Billettsalg - se Hamsunsenterets nettside
Billettpris er kr 220, - for voksne/fullpris og kr. 120,- for studenter, scenekort, honnør, barn, ungdom i grunnskolealder



  • Oppdatert av Ann-Marit Andreassen
  • Sist oppdatert den 25.08.2015